Meljane Kasjmir kje

Produkter

Kjøtt og kjøttprodukter, Skinn, ull og garn

Meljane_front_hyamrj.jpg
Me held til inst i Sognefjorden. I Luster kommune. 6 km frå Skjolden sentrum, i Mørkridsdalen. Me driv garden i lag. Heile familien. Kona Anne, sonen vår Ole Arne og eldstemann Øyvind, som er fødd og oppvaksen på garden. Me dreiv med sau fram til 2016. Då gjekk me over til kasjmirgeit. Dei er betre på beiterydding og til å halda ungskogen nede. Meir sosiale enn sauen er dei ogso. Geita har lettare fødsel enn sauen. Det sparar oss for mykje nattevake og veterinærhjelp i kjeinga. Med den beitinga geit og kje utfører frå vår til haust, vert kjøtet ekstra velsmakande, saftig og mørt. Kjea ammar mødrene heile sesongen. Denne blandinga av fòr gjev ein nydeleg smak på kjekjøtet. Kjøtet nyttar me både ferskt, salta og speka. Det passar godt til spekepølser i lag med sau eller grisekjøt.

Meljane Kasjmir kje sine produkter

Adresse

Meljane 66, 6876 Skjolden